av
Einar Økland
Piggsvinet
subbar i forsid kåpe
med brunlege piggar på.
Innimellom piggane heng det ofte
eit visna lauv og litt strå.

Det
er ei kåpe så stiv og hard
at det skrapar når piggsvinet går
på leit etter sniglar nede i hagen
der stikkelsbærbuskane står.

Men
på magen er piggsvinet mjukt som ein katt,
og det kjem opp til huset vårt når det blir natt,
og snusar opp mat med eit svart lite tryne
når vi andre er ute av syne.

Piggsvinet
et den maten vi gir det.
Meir og meir glad i maten vår blir det.
Men når det har ete, går det sin veg
utan å takke deg eller meg
-
for maten.

Back

Du
får ikke kopiere grafikk fra mine sider!