Om våren
av Halldis Moren Vesaas

No brusar bekk, no glitrar elv,
og fossen ropar ør,
så bjørkene på stranda skjelv
og rister sine slør.
Det sit ein fugl i kvart eit tre
og syng av hjartans trong.
Når sol går opp, når sol går ned,
er verda full av song.

Det gror i snøvåt, solvarm jord,
det grønkar i kvar krå.
Stutt tid har våren her i nord,
så han må skunda på.
Snart blømer alt, frå blåe hav
til opp mot steingrå tind,
for kvar ein lovnad våren gav
skal sommaren fri inn.

Back

Du får ikke kopiere grafikk fra mine sider!